09/07/2026 0 Kommentarer
Ein fiskar frå Sola på line med statsleiarar
I juni representerte Alice Roseth Helleberg, nestleiar i Norges Kystfiskarlag og grunnleggjar av Hun Fisker, Noreg i FN sin fotoutstilling "Not a Woman's Job? Women Leading Countries, Societies and Communities" i Palais des Nations i Genève
Ei uventa oppmoding
Det byrja med ein e-post frå Anniken Sophie Omejer, studentpraktikant i menneskerettsteamet ved Norges faste delegasjon i Genève. Ho hadde fått i oppgåve å finna aktuelle kandidatar til utstillinga, fann fram til Alice, og pitcha henne til delegasjonen og ambassadøren. Dei var samde: erfaringa hennar som yrkesfiskar i over ti år, leiarskapet i Kystfiskarlaget og arbeidet med å byggja Hun Fisker gjorde henne til ein sterk kandidat.
Utstillinga, arrangert av UN Geneva og UN Women i samarbeid med Kasakhstans faste delegasjon, samla bilete av kvinner som leier og påverkar endring, frå statsleiarar og ministrar til kvinner i sivilsamfunn, akademia og lokalsamfunn. Bidraget frå Noreg synte Alice i arbeidsdress, i baugen på sjarken.
Åleine i rommet, men ikkje åleine
I salen var Alice den einaste representanten frå eit yrke utanfor kontor og akademia. Dei andre bileta synte statsleiarar, diplomatar, ein prest og militære kvinner. Ho var òg den einaste norske representanten i sjølve programmet, dei andre nordmennene til stades var delegasjonen frå Genève.
«surrealistisk å bli representert på same linje som kvinner eg ser på som langt meir betydningsfulle enn meg», fortel Alice. Men ho legg til at det er ein tanke ho har justert i ettertid: «det er ein annan type leiarskap, ikkje ein mindre type».
Delegasjonen briefa henne kort i forkant og gav klar beskjed: sei ifrå kva du treng, og førebu deg slik du sjølv vil. Under sjølve arrangementet heldt dei seg bevisst eitt til to steg bak når andre delegasjonar kom bort for å helsa. Full tillit til ein representant dei knapt kjende frå før.
Etter innlegget kom fleire representantar bort, blant anna frå Spania og Italia. Delegasjonen sjølv var tydeleg nøgde og sa at Noreg hadde det desidert beste bidraget den dagen. Innlegget fekk høg applaus.
Kva ho tek med seg heim
Av alle ho møtte i Genève var det ikkje statsleiarane som gjorde størst inntrykk, men Anniken sjølv. «Kor hardt ho har jobba, i så ung alder, med både master og bachelor og no FN-praktikantskap. Alltid smilande, varm og genuint nyfiken, samstundes tydeleg audmjuk i rolla si», seier Alice.
I innlegget sitt delte Alice ei erfaring henta frå fleire år med styreverv: at ein god leiar set eige ego til sides og ser dei rundt seg, både rundt styrebordet og medlemmane i organisasjonen. Ho håpar at hennar engasjement og synlegheit vil inspirere, motivere og gi mot for andre kvinner, til å følgje sine draumar og si røst.
For kystfiskarmiljøet meiner ho dette har verdi utover symbolikken. Synlegheit internasjonalt kan gje næringa og sakene Kystfiskarlaget kjempar for, meir tyngd også heime. Og det syner unge i miljøet, kvinner som menn, kva som faktisk er mogleg, uavhengig av bakgrunn eller utdanning.
I ettertid skulle ho gjerne fortalt meir om ein ting: borna sine, og at det går an å balansera morsrolla med leiarverv, næringsliv og no eit FN-oppdrag.
«Eg tek med meg heim at me kvinner må bli betre til å støtta og framsnakka kvarandre, på tvers av kvar me er i samfunnet. Både dei unge med eit ynskje, og dei som tilsynelatande har lukkast. Og kor godt det er å stå i eit rom der alle genuint ynskjer å løfta kvinner, på tvers av nasjonalitetar, sjølv i Hall of Lost Footsteps i Palais des Nations.»
Kommentarer
Skriv en kommentar